Bestill varer hjå oss

Henrikhajen sel fersk frukt og bær etter sesong, samt eple- og pærejus.

Bestilling av bringebær

Gjennom sommaren vil vi besøke dei ulike stadane i lista nederst på sida og levere bringebær til dei som har bestilt. Nokon plassar besøkjer vi fleire gongar, andre berre ein. Det er også mogleg å hente sjølv på Hopland.

I det sjølvbetjente utsalet vårt set vi inn mindre mengder dessertbær når vi har bær tilgjengeleg, der kan du handle så mykje du vil utan å bestille. Ønsker du større mengder, er det derimot fint om du bestiller på førehand.

Bestill ved å:

1.     Fyll ut skjemaet under og trykk på «Send inn». (Du får ein SMS frå oss innan 2 dagar om at vi har motteke bestillinga)

2.     Vi tek kontakt på SMS når vi kan levere til deg (normalt dagen før), svar på denne om det høver for deg eller ikkje:

a.      Dersom det ikkje høver: Det var dumt, men vi sender SMS før neste gong vi leverer i området.

b.     Dersom det høver: Fint, sjå neste punkt.

3.     Møt opp på avtalt leveringsstad og tidspunkt, ta imot det du har bestilt og betal med Vipps, kontant eller kort.
Kortterminalen vår er avhengig av mobildekning, så nokon plassar er det best med Vipps eller kontant.

Har de spørsmål, ta kontakt på telefon eller e-post. Det er også mogleg å bestille pr SMS eller telefon (480 51 751). Men vi er mykje ute å jobbar eller køyrer og har ikkje telefonvakt – vi ringer tilbake seinare.

Bakgrunnen for at det er kort varsel på levering:

Vi dyrkar bringebær på friland, og bæra må vere tørre for å kunne plukke dessertbær. Med ustabilt sommarvêr er det vanskeleg å planlegge leveransane. For at bæra skal vere så ferske som mogleg, med høveleg modningsgrad og av god kvalitet, blir leveransetidspunktet bestemt kort tid i førevegen. Men vi prøver å bestemme det dagen før, så sender vi heller ut avlysing om det kjem ei overraskande regnbye.

Informasjon om plukking etc.

Om 2026 sesongen generelt: Ein del av feltet blei øydelagt av ein kald vinter med vind som tørka ut knoppane. Heldigvis ser det ut til at plantane som overlevde vinteren er sterke, så dette vil ikkje påvirke kvaliteten til bæra. Sesongen er ein god del seinare i år enn dei siste åra. Vi dyrkar på friland (ikkje tunell) og utandørstemperatur og værforhold er dermed avgjerande. Ein kjøleg periode før varmen den siste tida har bremsa utviklinga. At bæra får god tid på å utvikle seg, meiner vi berre er positivt for kvaliteten.

Pr. 20.07.2026: Nokre få bær har starta å bli modne, det ser ut som det kan bli oppstart av plukking rundt 25.07.

25.07.2026: Første dag med plukking i 2026. Kun syltebær pga. regn.

Når er vi nær deg?

NB! Vi har ikkje alltid nok bær til alle som har bestilt på same turen. Alle som har bestilt og som får bær på aktuell tur, blir kontakta.

  • Stryn og Nordfjordeid - avtalast

  • Bismo - Informasjon kjem når vi veit

  • Lom - Informasjon kjem når vi veit

  • Vågåmo - Informasjon kjem når vi veit

  • Florø - Informasjon kjem når vi veit

  • Norddalsfjord - Informasjon kjem når vi veit

  • Volda - Informasjon kjem når vi veit

  • Fosnavåg - Informasjon kjem når vi veit

  • Midsund - Informasjon kjem når vi veit

  • Vestnes (Hurtigbåtkaia) - Informasjon kjem når vi veit