Bestill varer hjå oss

Henrikhajen sel fersk frukt og bær etter sesong, samt eple- og pærejus.

Bestill ved å:

1.     Fyll ut skjemaet under og trykk på «Send inn». (Du får ein SMS frå oss innan 2 dagar om at vi har motteke bestillinga)

2.     Vi tek kontakt på SMS når vi kan levere til deg (normalt dagen før), svar på denne om det høver for deg eller ikkje:

a.      Dersom det ikkje høver: Det var dumt, men vi sender SMS før neste gong vi leverer i området.

b.     Dersom det høver: Fint, sjå neste punkt.

3.     Møt opp på avtalt leveringsstad og tidspunkt, ta imot det du har bestilt og betal med Vipps eller kontant.

Har de spørsmål, ta kontakt på telefon eller e-post. Det er også mogleg å bestille pr SMS eller telefon (480 51 751). Men vi er mykje ute å jobbar eller køyrer og har ikkje telefonvakt – vi ringer tilbake seinare.

Bestilling av bringebær og plommer

Sesongen for dessertbær er over, men det er framleis mogleg å bestille syltebær. Vi kan ikkje garantere at vi besøker absolutt alle stadane på lista, men legg inn ei bestilling så kan vi avtale nærmare.

Dei tidlegaste sortane våre med plomme er no klare. I skjemaet under står fleire sortar som er modne på ulike tidspunkt. Vi har ikkje nok av alle sortane til å levere til alle, derfor vil du få tilbod om ein anna sort dersom vi ikkje har den du ønsker. Legg inn kva sort(ar) du ønsker, så tek vi kontakt.

Når er vi nær deg?

NB! Vi har ikkje alltid nok til alle som har bestilt på same turen. Alle som har bestilt og som får bær/plommer på aktuell tur, blir kontakta.

  • Stryn og Nordfjordeid - avtalast

  • Bismo - 08.08 ca kl 16:00

  • Lom - 08.08 ca kl 17:00

  • Vågåmo - 08.08 ca kl 18:00

  • Florø -Vil bli annonsert

  • Norddalsfjord - Vil bli annonsert

  • Volda - Vil bli annonsert

  • Fosnavåg - Vil bli annonsert

  • Midsund - Vil bli annonsert

  • Vestnes (Hurtigbåtkaia) - Vil bli annonsert

Tidlegare i sommar har vi vore på alle stadane med bringebær (dessertbær og syltebær):

  • Bismo, Lom og Vågåmo: 30.07, 26.07, 20.07 og 13.07

  • Florø og Norddalsfjord: 01.08 og 22.07

  • Volda og Fosnavåg: 02.08 og 18.07

  • Midsund: 02.08 og 16.07

  • Vestnes: 28.07

Informasjon om plukking etc.

Pr 08.07.2024: Plukkinga starta som smått 06.07, og det vil bli mykje bær utover veka. Håpar på opphaldsvær slik at vi får plukke dessertbær.


Pr 12.07.2024: Vi har plukka for fullt heile dagen, og vil plukke også i morgon. Første tur til Bismo, Lom og Vågåmo i morgon.

Pr. 18.07.2024: No er det mykje og gode bær! Vi tek kontakt med dei som har bestilt for levering/henting. Vi har fått tak i lokale ungdommar som ekstrahjelp, for å holde unna modninga og alle bestillingane.

Pr. 24.07.2024: Det er framleis mykje bær, og vi prøvar å få plukka og levert mest mogleg før regnet kjem mot helga. Men vi har fleire bestillingar enn vi klarar å levere denne veka, så mange må vente til neste veke. Vi tek kontakt med alle før levering.

Pr. 25.07.2024: Det er mykje bær igjen endå, vi har mange bestillingar som vi håpar å levere denne og neste veke. Av erfaring fryktar vi for at bæra kan bli mjukare etter dette, mot slutten av sesongen. Vi kan derfor ikkje garantere at dei som bestiller dessertbær frå no av vil få dette i år. Syltebær er mogleg å bestille endå (og dei som evt. bestiller dessertbær men ikkje får, vil få tilbod om syltebær).

Pr. 29.07.2024: Bæra er veldig gode. Vi leverer til resten som har bestilt på Bismo, Lom og Vågå i morgon.

Pr. 01.08.2024: Strålande sol og tørre bær, leverer til resten som har bestilt i Florø og Norddalsfjorden i dag.

Pr. 02.08.2024: Vi har no stengt for bestilling av dessertbær i år. Det er framleis mogleg å bestille syltebær.

Pr. 07.08.2024: Vi er starta å skjere ut i delar av bringebærfeltet. Det blir plukking av bringebær ein gong til i resten av feltet denne veka. Plommesesongen er så vidt starta, med Edda og Opal.